Militærøving 23. juni–14. juli
Forsvaret gjennomfører militærøvingar i Hardanger, på Voss og Osterøy fram til 14. juli.
Bergenhus heimeverndistrik tek imot ein belgisk spesialstyrke på 200 mann. Dei kjem til å bruka fasilitetane på Bømoen på Voss. I denne perioden vert det ferdsel med småbåtar på fjorden og øvingar på land. Aktiviteten på land kjem til å verta understøtta av nokre lastebilar og feltkøyrety. Ein må rekna med noko luftaktivitet som lågtflygande helikopter.
I Kvam er det i hovudsak fjorden som kjem til å verta nytta. Der må ein rekna med ferdsel med militære småbåtar både nattetid og på dagen.
Militærøving
Hunter Dixon
Publisert av Ole Kristian Grønneng
Sist endra 23.06.2025 08:56