Melding om oppstart av reguleringsplan, Duus - Fonnaland

I medhald av plan- og bygningslova §12-8 vert det kunngjort oppstart av regulering for gnr. 5 bnr. 27, 32, 33 og 54 m.fl. Duus - Fonnaland i Kvam herad.

Geoplan AS skal, på oppdrag for tiltakshavar, Peter Sebastian Duus og Ole Peter Duus, utarbeida detaljreguleringsplan for området. 
 
Planområdet er på ca. 10 daa og inkluderer område i sjø og på land. Føremålet med reguleringsplanen er å få eksisterande infrastruktur og bygningar inn i plan, samt tilretteleggje for ein til to nye hytter, inkludert bryggje. Føremålet er i tråd med gjeldande kommuneplan. Heradet vurderer  difor planen til å ikkje utløyse krav om planprogram jf. PBL §4-1  og konsekvensutgreiing jf. PBL § 4-2. 
 
Planområdet er avgrensa som vist på kartskissa over.

Frist for innspel til planarbeidet er sett til 17.04.2019 
 
Innspel som kan ha innverknad på, eller vera av interesse for planarbeidet, skal sendast til Geoplan AS, Sandvenvegen 17, 5600 Norheimsund, eller via e-post: post@geoplan.no. Spørsmål kan rettast til Geoplan AS på tlf. 56 55 62 33. Alle innspel vil verta vurdert og lagt ved planframlegget når det vert sendt inn til Kvam herad for handsaming.