Me leitar etter menn!

Kvam og sju andre kommunar i Vestland er med i eit nasjonalt rekrutteringsprogram der arbeidssøkande menn i alderen 25 til 55 vert tilbydd eit komprimert og føreseieleg utdanningsløp fram mot fagbrev som helsefagarbeidar. 

  

Det skal no startast opp eit nytt kull, og me søkjer etter nye menn som er mann nok til å visa omsorg og til å ta ei utfordring. Det vert gjennomført informasjonsmøte 18. januar 2022 på Amalie Skram vidaregåande skule i Bergen, frå kl. 13 til 15.

På informasjonsmøtet vil det verta orientert om Menn i helse, utdanninga og jobbmoglegheitene. I etterkant av møtet vert det gjennomført intervju. Eigna og motiverte kandidatar vert tilbydd e 12 vekers rettleia praksisperiode som helserekrutt på sjukeheim eller tilsvarande. Deretter er det sommarjobb og vidare utdanningsløp fram mot fagbrev som helsefagarbeidar.

Er du vår neste mann? Grip moglegheita!

Kjenner du nokon som fortener sjansen? Tips han om Menn i helse!

Ynskjer du å melda deg på infomøtet? Ta kontakt med din rettleiar i NAV eller med NAV-kontoret ditt.

Har du spørsmål om Menn i helse? Ta kontakt med fylkeskoordinator Kjetil Kvidahl på telefon; 977 48 055 eller e-post; kjetil@mennihelse.no. Ta også gjerne ein titt på Menn i helse sine eigne nettsider på www.mennihelse.no.