Matrikkelen og grunnboka vert stengt
I samband med kommune- og regionreforma vert matrikkelen stengt for oppdatering frå 13. desember 2019, kl. 18.00, og grunnboka frå 27. desember kl. 20.00, fram til utløpet av 1. januar 2020.
Matrikkelen er Noreg sitt offisielle register over fast eigedom, inkludert bygningar, bustader og adresser, medan grunnboka er eit offentleg register over tinglyste rettar og heftingar i fast eigedom og burettslagsdelar
I samband med kommune- og regionreforma skal det gjennomførast ikkje mindre enn 110 millionar dataendringar i matrikkelen og grunnboka, og 3,6 millionar innbyggjarar i landet skal "flyttast" digitalt. For å redusera risiko og sikra kvalitet, og for å sikra at andre får tid til å førebu sine system med data frå matrikkelen og grunnboka, vert dei altså stengde - over heile landet - i ein del av desember.
Kva er konsekvensane av dette?
- Det vert inga matrikkelføring i kommunane i perioda matrikkelen er stengt. Dette tyder blant anna at eigedomsdanning, adressering eller bygningsregistrering ikkje kan utførast.
- Det vert inga elektronisk innsending av matrikkeldokument til tinglysing.
- Det vert inga føring av konsesjon i matrikkelen. Der konsesjonsavklaring ikkje allereie er registrert i matrikkelen, må dette gjerast på papir for eigedomar som skal tinglysast frå 16. desember og fram til nyttår. I denne perioda kan kommunar godkjenna desse manuelt. Konsesjonsavklaringa må sendast inn til Kartverket i same konvolutt som heimelsdokument. For meir info, sjå Kartverket sine nettsider.
- Det vert inga tinglysing, verken elektronisk eller på papir i perioda 27. desember kl. 20.00 til 2. januar 2020.
- Mottekne papirdokument 27. desember vil få prioritet 27. desember 2019 kl. 21.00.
- Mottekne papirdokument etter 27. desember vil få prioritet 2. januar 2020, kl. 21.00.
- Elektronisk tinglysing vert stengt heilt 27. desember kl. 20.00, og opnar att 2. januar 2020.
Sjå også: Kartverket sine nettsider.
Sist endra 03.12.2019 08:56