Både innbyggjarar og folkevalde vil bli stilt spørsmål om korleis dei vurderer lokaldemokratiet i sin eigen kommune. Det er kommunesektoren sin organisasjon, KS, som har utarbeidd undersøkinga.
Kvifor gjer me dette?
Føremålet med undersøkinga er å kartlegga korleis innbyggarane opplever lokaldemokratiet. Har innbyggjarane i Kvam tillit til dei folkevalde og opplever dei at dei har høve til å delta i demokratiske prosessar? Vidare ønskjer me å sjå trendar over tid. Dette kan hjelpa oss med å vidareutvikla lokaldemokratiet vårt i Kvam. Svara du som innbyggjar gjev er difor viktig for oss og kan gje oss verdifull kunnskap.
Korleis føregår undersøkinga?
Gallupbyrået Opinion gjennomfører innbyggjardelen av undersøkinga. Undersøkinga skjer ved telefonintervju med eit representativt utval av innbyggjarane. Dei som blir kontakta blir bedt om å svara på 13 spørsmål. Me oppfordrar alle som blir kontakta om å delta i undersøkinga.
I heradsstyremøtet 15.6.2021 gjennomfører heradsstyret den delen av lokaldemokratiundersøkinga som gjeld for dei folkevalde. Dei skal svara på dei same spørsmåla som innbyggjarane, men vil i tillegg få 28 spørsmål om arbeidsforhold, politisk kultur og relasjonar i heradsstyret.