Livsmeistringskurs i Kvam

Kurs for kreftramma. Metodar - Livsmeistring - Livslyst.
19. april, 26. april og 3. mai 2023.

Båt på stille vatn - Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilde: Båt på stille vatn Atle Byrkjeland

Tid: Kl. 16 -19
Stad: Toloheimen, pauserommet
Enkel servering!

Dette er eit kurs for kreftpasientar og deira pårørande og etterlatne. Gjennom kurset kan du få høve til å læra meir om korleis du kan takla stress og få tak i di eiga livslyst.

  • Praktiske tips og øvingar som kan gjera det lettare å handtere kvardagen.
  • Større kjennskap til korleis tankar verkar inn på livet vårt, særleg når det røyner på
  • Du får høve til å utveksla erfaringar og synspunkt med andre i liknande situasjon

3 samlingar

1. Når livet ikkje vert slik eg hadde tenkt det (19. april)
Kva når livet bestemmer seg for å ta ein u-sving inn i eit truande landskap? Du beveger deg inn i det ukjende - anten du er pasient eller pårørande. Du veit ikkje kvar ferda endar - og det er lett å oppleva tap av kontroll.

2. Å ta ein pust i bakken (26. april)
Stressregulering og avspenning. Oppmerksamheitstrening. Eigenomsorg og sjølvaksept.

3. Å styrka livslyst, ferda vidare og med nye kart (3. mai)
Modellar og metodar for vegen vidare.

Kurset er utarbeidd av Kreftforeningen og er gratis for deltakarane!

Påmeldingsfrist 16. april til kreftkoordinator Marit Lid Marøy
Telefon: 906 79 853