Kvammaslam skal få bergensarar fram

Kvam herad og BIR signerte tysdag ei avtale om å levera slam frå reinseanlegget på Notanes til biogassanlegget i Rådalen.

Slam frå Kvam skal driva biogassbussar i Bergen Gunn Eklund Breisnes, VA-etaten, Bergen kommune. Nytta med løyve.

Avtala gjeld for 4+1+1 år. 

Biogassanlegget i Rådalen vart opna 21. oktober 2016, og skal bidra til både reinare fjordar og til å utnytta ressursane i avløpsvatnet. Det tek inn slam, som på anlegget vert fortynna til ca. 6% tørrstoff, og deretter hygienisert - det vil seia at det blir varma opp til 70 varmegrader i ein tiem. Deretter vert det pumpa over i råtnetankar, der det organiske stoffet råtnar og det dermed vert danna metangass. 

Metanet går vidare til eit system som syter for at det vert oppgradert til drivstoffkvalitet, som vert nytta til å driva biogassbussar. Resten av slammet, omtalt som biorest, vert avvatna, og omdanna til jord som tilfredsstiller krava til å kunna nyttast på kornareal og grøntområder. 

Med den inngåtte avtala mellom Kvam herad og BIR vil også slam frå Notaneset verta levert i Rådalen. Dermed vil kvammaslam få bergensarane fram.

Driftsleiar Erling Eid i Kvam herad, saman med Tor Mario Auran og Stig Einar Mjøs i BIR Bedrift AS. Foto: Kvam herad.