Kvammaordføraren opna Hardingtinget

–  Me treng ei felles, sterk stemme for indre delar av fylket, sa rådsordførar og ordførar i Kvam, Torgeir Næss, då Hardingtinget gjekk av stabelen i går, torsdag 13. februar..

   

Hardingtinget er samansett av formannskapa i dei fem hardangerkommunane, inkludert Voss herad, og har totalt 37 representantar. På møtet i går var temaet reiseliv, og då meir konkret besøksforvaltning og besøksstrategi.

Næss starta si opning av møtet med litt tekstreklame, gode årsaker til å besøka nettopp Kvam: – Eg veit at hardingar og vossingar er godt bortskjemde med vakker natur og rik kultur, og nærast er natursnobbar, men eg prøver meg likevel, sa han, og lista opp både gangstien langs fjorden i Norheimsund, det nyopna Hardangerbadet i Øystese, Steinsdalsfossen som kan opplevast frå "innsida" (over hundre tusen menneske går på gangstien bak fossen årleg), kunsthuset Kabuso og også strandebarmsfjella. 

– For barnefamiliar er Jon Fosse-stien til Haukåsfjellet ei oppleving. Der er det skrive ei barneforteljing av Jon Fosse ned på eit tjuetals aluminiumsplater forma som sauer. Det er sjeldan lettare å gå fjelltur med ungar enn når dei kan lesa seg oppover fjellet til neste sau.

Nytten av eit regionråd

Så tok Næss for seg nytta av eit regionråd: – Treng me eit regionråd? Mitt svart er eit klårt ja. Me treng ei felles, sterk røyst for indre delar av fylket. Har me felles interesser på alle område? Nei. Me veit me er usamde om ein del, særleg når det gjeld hovudfartsårene våre. Haukeli eller Hardangervidda? Filosofen Ludwig Wittgenstein har eit berømt sitat: wovon man nicht reden kann, darüber muß man schweigen. Skulle tru han var vestlending. Det ein ikkje kan tala om, må ein teia om.

– Eg meiner altså at me treng dette rådet. Korleis rådet skal vera og korleis det skal virka, det er faktisk opp til oss. Det er opp til kvar enkelt kommune. I desse dagar skal kommunane i Hardangerrådet vurdera driftsmodellen. I dette ligg det at dei folkevalde skal meina noko om kontingenten me betalar  i dag står i høve til nytten me har av å ha eit Hardangerråd. Dette meiner eg er ein debatt me skal tora å ta med visse mellomrom. Ei kritisk sjølvvurdering er sunt. Det gjeld både i privatlivet, i næringslivet og i regionale samarbeid.

– Me må også sjå opp

Næss heldt fram med eit tema som mange nok er opptekne av, både i Hardanger og på Voss, nemleg trafikktrygleik: – Når me har trafikkopplæring så lærer me å sjå oss til høgre og venstre. På Voss og i Hardanger har me eit tillegg i opplæringa. Me må i tillegg sjå opp. Og då tenkjer eg ikkje på gudsfrykt. Tvert om, heldt eg på å sei. Eg snakkar sjølvsagt om det andre som kan koma frå oven: jord, trestokkar, stein, snø, vatn, is og sørpe.

– Me bur i ein region der ressursskapinga er stor. Ekstremt stor, faktisk. Me har vasskraft, me har industri, me har havbruk, me har jordbruk, vakker natur og ein aukande turisme. Me har mykje felles. Det som skal binda denne regionen saman er vegar. Rasfarlege, smale, svingete og uproporsjonerte.

– Her skal næringslivet bløma, her skal me lokka folk til å busetja seg, her skal innbyggjarane kjenna seg trygge og fornøgde. Det verste er at me langt på veg greier det. Men me har så mykje meir inne. Skal me veksa og utnytta dei fantastiske føresetnadane våre, må me ha trygge og rassikre vegar. Dette er definitivt ei felles interesse som alle hardingar og vossingar har. Eg meiner regionrådet vårt skal vera ei endå kraftigare stemme her. Det er mi overtyding at Hardangerrådet si samla stemme vil styrka dei gode vegsakene som kvar einskild kommune har.