Kvam ungdomsråd arrangerer "Kahoot" for ungdom og familiar i Kvam, lørdag 25. april kl. 18.00 - Har du lyst til å vera med?
Mange ungdommar keiar seg om dagane. Kvam ungdomsråd har difor teke initiativ til at ungdom kan møtast digitalt og gjera noko kjekt i lag. Familiar er også velkomen til å delta.
Kl. 18.00 lørdag 25. april arrangerer Kvam ungdomsråd "kahoot", ein nettbasert kviss, for ungdom og familiar i Kvam. Det blir premie til vinnaren.
Dersom du har lyst til å vera med går du inn her (For at lenkja skal fungera må du bruka ein av dei følgjande nettlesarane: Google Chrome, Mozilla Firefox eller Microsoft Edge) eller gå inn via denne lenkja: https://meet.google.com/nbh-xtkg-kxy
Publisert av Kari Weltzien Vik
Sist endra 23.10.2023 10:20