GNIST 2023
Det var 23 søkarar, og Kvam er no komen til finalerunden som består av dei 10 beste søkjarane. Kvam herad og Øystese utvikling var i Oslo på samling med alle finalistane 8. - 9, mai. Her presenterte me søknaden vår, og fekk gode tips til korleis me kan arbeida kreativt for å utvikla berekraftige lokalsamfunn og bygder.
Me går no inn ein fase der søknaden skal reviderast basert på tilbakemeldingar me fekk i Oslo. Målet no er å verta blant dei fem beste som blir valgt ut til å vera GNIST-kommunar!
Design og Arkitektur Norge (DOGA) står bak GNIST. DOGA er ein del av regjeringa sine verkemiddel for innovasjon og verdiskaping, og dei har mykje erfaring, kunnskap og kreative løysingar for å utvikla gode lokalsamfunn.
DOGA Oslo
Kvam herad sin søknad
Kvam herad har saman med Øystese utvikling arbeidd med søknaden der temaet er Øystese sentrum. Ein viktig del av GNIST er at me ikkje skal vera tidleg ute med å foreslå løysingar på utfordringane. Løysingane skal nemleg koma til gjennom ein grundig prosess der heile bygda skal vera invitert til å bidra. I søknaden er det derfor avgrensa til at me har foreslått nokre problemstillingar og tema me trur har forbetringspotensiale:
- Kva skal til for at fleire folk i alle aldersgrupper bur i Øystese sentrum?
- Kva skal til for at alle aldresgrupper opplever det som trygt og kjekt å bruka tid i Øystese sentrum?
- Kan Øystese sentrum gjerast grønare og koselegare?
- Kan Øysteseelva løftast fram som noko positivt i sentrum?
- Kan me testa ut nokre enkle (midlertidige) tiltak som aukar trivselen, istadenfor å venta i årevis på planar, budsjett og store investeringar?
- Må kommune, fylkeskommune, grunneigarar, næringsliv, eldsjeler og frivillige organisasjonar samarbeida på nye måtar for å finna løysingar på utfordringane?
Kva er GNIST?
GNIST er eit program for kommunar som vil jobba på nye måtar med stad- og næringsutvikling. Kommunane vert oppfordra til å bruka designmetodikk for å utforska utfordringane sine. Designmetodikken inneheld metodar og prosessar som som gjer det mogleg å skapa noko nytt saman.
For at denne metoden skal fungera må me:
- ha klar forståing av kva behov brukarar/lokalsamfunnet har. Me må altså ha tett dialog med innbyggarar, næringsliv og frivillighet.
- heile tida utvikla løysingane som blir foreslått gjennom testing, forbetring og dialog med brukarar/lokalsamfunn.
- Samarbeida tverrfagleg, og ikkje vera redde for å prøva noko nytt.
Dersom me vert ein av dei 5 GNIST-kommunane vert me tilknytt eit tverrfagleg og kreativt fagmiljø som står klare til å hjelpa oss, kanskje utfordra oss litt og ikkje minst heia på oss til å saman finna rette svar på problemstillingane.
Ny søknad skal inn i slutten av mai og tidleg juni -23 vert det kjend kven som er dei endelege fem GNIST-kommunane.