Kvam herad satsar på trafikktryggleik

Fredag teikna Kvam herad ei intensjonsavtale med Trygg Trafikk og Hordaland fylkeskommunen om å verta  "Trafikksikker kommune". 

"Trafikksikker kommune" er ein del av satsinga Hordaland fylkeskommune og Trygg Trafikk har innan kommunalt trafikksikringsarbeid. 

Kommunar som ynskjer ei slik godkjenning får 25.000 kroner av fylkeskommunen ved signering av intensjonsavtale, og ytterlegare 75.000 kroner ved godkjenning. Prosjektet inneber innsats frå ulike sektorar i kommunen, med forankring hjå kommuneleiinga, ved både ordførar og rådmann.

Haldningsarbeid

Ordninga pliktar ikkje til investeringar i fysiske tiltak. Istadenfor vert det lagt vekt på grep som kan takast i organisasjonen, og på haldningsskapande arbeid. Gjennom godkjenningsordninga skal kommunen visa at ein tek på alvor det store ansvaret ein har for trafikktryggleik, både som vegeigar, barnehage- og skuleeigar, arbeidsgjevar, kjøpar av transporttenester og ansvarleg for helse, trivnad og tryggleik til innbyggjarane. 

Under opninga av den nye gang- og sykkelvegen mellom Norheimsund og Øystese, løfta ordførar Jostein Ljones også fram arbeidet med "Trafikksikker kommune" som eit viktig arbeid, som han ser fram til å ta tak i. 

Frå før har fem kommunar i Hordaland fått godkjenning som Trafikksikker kommune: Sund, Bømlo, Lindås, Austrheim og Vaksdal.