Kvam herad blir ein del av UDIR si oppfølgingsordning

Kvam herad har takka ja til tilbod om å delta i Utdanningsdirektoratet si oppfølgingsordning, ei ordning som skal bidra til å skapa betre læringsmiljø og læringsresultat for elevane i kommunen.

Det inneber at kommunen får tilbod om støtte og rettleiing over ei periode på tre år.

Kommunar vert inkludert i ordninga på bakgrunn av såkalla risikopoeng, som vert gjeve på bakgrunn av resultat frå elevundersøkingar, nasjonale prøver og grunnskulepoeng. Til dømes kan det verta gjeve risikopoeng der elevundersøkingar synleggjer låg skår på mellom anna motivasjon, støtte frå lærar og mobbing, eller der resultatet i lesing eller rekning er på lågt meistringsnivå.

To kategoriar av kommunar vert teke med i ordninga: kommunar som har ein høg del risikopoeng, og kommunar der spreiinga i slike poeng mellom skulane er over eit visst nivå og minst ein av skulane også skårar lågt samanlikna med landssnittet.

Kvam høyrer heime i den andre kategorien. Norheimsund skule har få risikopoeng, medan Ålvik skule, Strandebarm skule og Kvam ungdomsskule er dei skulane med høgast del risikopoeng.

Det er Utdanningsdirektoratet som identifiserer kandidatar til oppfølgingsordninga og som deler ut midlar til Statsforvaltaren (tidlegare Fylkesmannen). Sistnemnde forvaltar ordninga på fylkesnivå, står for dialog og samarbeid med kommunen og skaffar rettleiarar som hjelper kommunen i den fyrste av to faser. I denne forfasen vil kommunen få hjelp av eksterne rettleiarar og frå Statsforvaltaren til å analysera eigne data og til å danna seg eit bilete av kva utfordringar som finst. I tillegg skal det planleggjast for tiltak og utviklingsarbeidet skal planleggjast og forankrast. Denne forfasen strekkjer seg over eit år. Deretter kjem ei gjennomføringsfase, der kommunane som er ein del av ordninga skal gjennomføra tiltaka. Det kan skje i samarbeid med ulike kompetansemiljø.

Arbeidet har starta med eit møte mellom Statsforvaltaren og kommunen, der det vart gjeve informasjon om ordninga. Seinare i april vert det ei felles nasjonal samling for kommunane som er inkludert i ordninga, i regi av direktoratet. I august startar forfasen.