Kunnskapsministeren til opning av Kvam familie- og læringssenter

Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner har takka ja til å stå for den offisielle opninga av Kvam familie- og læringssenter, som etter planen skjer torsdag 2. mai.

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner Marte Garmann / regjeringen.no

Det nye Kvam familie- og læringssenter skal stå for eit samordna og tverrfagleg tenestetilbod. Det inkluderer PPT, barnevern, fysioterapi for born og unge, samt eit familiesenter med psykolog, familieterapeut og utekontakt; barnevern. Det omfattar dessutan administrasjon for barnehage, skule, helsestasjon og skulehelseteneste.

Kvam sin innsats for born er også tidlegare lagt merke til av Kunnskapsdepartementet, og Kvam er invitert med inn i ei gruppe som skal ta ei leiarrolle i arbeidet med å førebyggja og handtera utagerande åtferd og vald i skulen.

I tillegg til å stå for opninga av den nye familie- og læringssenteret, vil kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner i samband med besøket også ha ei samtale med heradet om dette arbeidet.
 

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.