Det omsøkte arealet er sett av til akvakulturføremål i gjeldande kommuneplan for Kvam herad. Søknaden inneber ikkje kapasitetsauke, då Lingalaks ynskjer å flytte eksisterande produksjon på lokalitet Djupevik ( lok nr. 10338) og Rossholmen ( lok nr. 12018) til ny lokalitet i Ytre Samlen.
Søknaden for Ytre Samlen vil ikkje medføre auka produksjon i fjorden. Den nye anleggstrukturen vil kunne gje plass til ekstramerder, og såleis gje fisken større plass i merdene. Fisken på lokaliteten vert fora frå fôrsentralen i Norheimsund, tilsvarande det som er rutine på øvrige lokalitetar i selskapet.
Rossholmen er ein visningslokalitet og hadde i 2020 11.000 vitjande gjester som lærer om laks og berekraftig sjømatproduksjon. I 2020 opna Hardanger Akvasenter ei ny virtuell opplevingutstilling i nye lokale i Øystese, som har gjort senteret meir tilgjengeleg for alle. Samspelet mellom utstillinga og den nære visningslokaliteten er unik og vesentleg, og synar ein moderne lokalitet i drift. Fôringsflåten vil få ei utforming som kombinera det praktiske med å kunne ta i mot besøkande i ein unik arkitektur.
Dokument i saka:
Søknad om løyve til å etablere anlegg for laks og aure ved lokalitet Ytre Samlen i Kvam herad
Spørsmål om søknaden kan rettast til samfunns- og utviklingssjef i Kvam herad, Jon Nedkvitne, tlf 979 53 274.
Merknader til søknaden skal sendast til: Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund eller til postmottak@kvam.kommune.no. Fristen er 27. april.