Korleis står det til med folkehelsa i Kvam herad?

20. april går startskotet for Folkehelseundersøkinga i Vestland 2022. Undersøkinga vil gje Kvam herad ny og unik lokalkunnskap om korleis innbyggjarane våre har det. Resultata frå undersøkinga vil bli viktige verktøy i arbeidet med å skapa gode lokalsamfunn og nærmiljø.

Undersøkinga er eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet og Vestland fylkeskommune, i dialog med kommunane. Spørsmåla handlar om helse, trivsel, livskvalitet og andre forhold som har betyding for folkehelsa. Deltakarane blir trekt tilfeldig frå folkeregisteret, og får invitasjon via SMS og e-post.  Undersøkinga vil gje Kvam herad verdifull informasjon om korleis innbyggjarane har det.

Spørsmåla i undersøkinga er relevante både for folkehelsearbeidet i Kvam, og til drift og planlegging innafor ei rekkje av kommunen sine ansvarsområde som samfunnsutvikling, oppvekst, helse, velferd, kultur og mobilitet.

– Mange svar gjev gode data. Etter to år med pandemi er det særleg viktig å få oversikt over korleis innbyggarane våre har det, seier folkehelsekoordinator Reidun Braut Kjosås i Kvam herad.

Tolv heldige deltakarar blir trekt ut til å vinna universalt gåvekort – to på kr 2500 og ti på kr 1000.  Gåvekorta er gyldig i fem år. 

For meir informasjon og lenke til undersøkinga sjå Vestland fylkeskommune sine nettsider. Lurer du på noko kan du ta kontakt på folkehelse@vlfk.no eller tlf.: 51 20 71 50. 

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.