Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2023: Vil du bli valfunksjonær?


Tore Fjeld  

Kvam herad har eit stort behov for valfunksjonærar til årets kommunestyre- og fylkestingsval. Vil du bli ein av våre valfunksjonærar?

I år har Kvam herad ansvar for å gjennomføra kommunestyre- og fylkestingsval. Valdagen er 11. september 2023. For å gjennomføra denne oppgåva  treng me deg som valfunksjonær (representant i eit røystestyre).

Kva gjer ein valfunksjonær?

Ein valfunksjonær i Kvam er medlem i eit av røystestyra i Kvam. Røystestyra administrerer røystegjevinga i sin krets. Kvart røystestyre har ein leiar og nesteleiar som organiserer arbeidet i vallokalet.

Oppgåvene i eit vallokale varierer mellom å styra kø, fylla på røystesetlar, ta i mot røyster og rettleia veljarar ved røysteavlukket. Det er difor viktig at du snakkar og forstår norsk. Du må ha generell PC-kompetanse fordi me nyttar EVA (det elektroniske valadministrasjonssystemet) og ha fungerande elektronisk ID (MinID, bankkodebrikke, BankID på mobil og liknande). Røystestyra er med på foreløpig oppteljing og signerer under røystestyret sin protokoll. Du må ha høve til å stille på vakt 11. september 2023. 

Ein valfunksjonær kan ikkje vera listekandidat til kommunestyre- og fylkestingsvalet. Som medlem i røystestyret må du også oppfylla kravet om røysterett. Det vil seia at du må minimum fylla 18 år i løpet av 2023. Du må også vera busett i Kvam. Full opplæring vil bli gitt, og det er obligatorisk å delta på opplæringa for å kunna jobba i vallokalet.

Korleis registrerer du deg?

Dersom du tenkjer at dette kan vera noko for deg, så kan du gå inn på registreringsskjemaet her. Du loggar deg inn ved hjelp av elektronisk ID. Dersom du opplever problem med innlogging ber me om at du prøver ein annan nettlesar eller eventuelt skiftar frå mobil til PC. 

Var du medlem i eit røystestyre ved valet i 2021? Då treng Kvam herad deg!

Dersom du var medlem i eit av røystestyra i Kvam ved førre val i 2021, så ber Kvam valstyre deg om å hjelpa til også ved dette valet. Det er viktig å ha rutinerte og trygge valmedarbeidarar ute i vallokala på valdagen 11.9.2023. Kommunelov krev også at du samtykker til attval. Du gjer dette ved å registrera deg i registreringsskjemaet her.

Oversikt over dei ulike kretsane i Kvam:

  • Strandebarm
  • Tørvikbygd
  • Norheimsund
  • Øystese
  • Ålvik

Økonomiske rettar

Dersom du gjennomfører opplæring, er med på rigging av vallokale og stiller opp på vakt på valdagen, så har du rett på ei godtgjersle på kr. 1500. Leiarane i røystestyra får ei godtgjersle på kr. 2000. Du får i tillegg dekka tapt arbeidsforteneste dersom du må ta fri frå arbeidet ditt.

Me treng følgjande opplysningar frå deg:

Desse opplysningane om deg er ferdig utfylt for deg når du loggar inn i skjemaet:

  • Fullt namn
  • Fødselsnummer
  • Di folkeregistrerte adresse. Kontroller likevel om denne stemmer.

Desse opplysningane må du sjølv passa på å fylla ut:  

  • Telefonnummer
  • E-postadresse
  • Kontonummeret ditt for å effektivisera utbetaling av godtgjersle 
  • Kryss av for kva røystestyre du ønskjer verv i. Du må velja eit av dei 5 røystestyra (Strandebarm, Tørvikbygd, Norheimsund, Øystese eller Ålvik).
  • Vallokala er opne frå kl. 10.00- 20.00 valdagen 11.9.2023. Det er difor fleire vakter i løpet av dagen. Kryss av for kva tidspunkt som høver best for deg: Dag (føremiddag) eller kveld (ettermiddag). Det er leiarane i dei ulike røystestyra som set opp vaktlistene til slutt og du kan difor få spørsmål om vakt på eit anna tidspunkt enn det du har kryssa av for. I dei største krinsane er det også vanleg med vakter midt på dagen som ei overlapping.