Kommunale uteareal til større eller mindre arrangement?

Høyring av retningslinjer. No har du høve til å kome med innspel til retningslinjer for bruk av offentlege uterom til arrangement.

Øysteseparken - Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilete: Øysteseparken Signe Slettemark

Høyringsfrist: 15. februar 2024.

Arrangerer du – eller har du planar om å arrangere – utandørs arrangement på kommunal grunn? 

Administrasjonen i Kvam herad har utarbeida eit forslag til retningslinjer for bruk av offentlege uterom til arrangement. Etter høyringsfristen vert retningslinjene politisk handsama av Kvam heradsstyre.

Føremålet med retningslinjene er å:

• Bidra til ei meir heilskapleg, strategisk og målretta styring av offentlege uterom til arrangement i Kvam Herad.

• Medverka til større førehandsvisse for arrangørar og sikre likehandsaming.

• Vera eit styringsverktøy for administrasjonen og ein praktisk rettleiar for arrangørar.

Les forslag til retningslinjene på lenkja her. (PDF, 683 kB)

Ope kontor måndag 5. februar

Sakshandsamar Bente Valland Bovim held «ope kontor» måndag 5. februar frå kl. 12.00 til klokka 15.00 dersom arrangørar eller andre ynskjer meir informasjon eller samtale knytt til retningslinjene.

Meld frå i ekspedisjonen i fyrste etasje på rådhuset ved ankomst. Send gjerne ein e-post i forkant dersom de ynskjer å nytta dykk av dette tilbodet.

 

Eventuelle høyringsinnspel sendast til e-post:
postmottak@kvam.kommune.no

Post:
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund

E-post kan merkast «Høyringsinnspel retningslinjer for bruk av offentlege uterom til arrangement».

Eventuelle spørsmål til retningslinjene kan rettast til:
Bente Valland Bovim
E-post: bentol@kvam.herad.no Tlf. 950 64 847