Invitasjon til ope møte om flaumkartlegging av Øysteseelva

Måndag 17. juni klokka 19:15 på Kvam rådhus.  

Dronebilete som syner Øystese sentrum med meir - Klikk for stort bilete

 

Flaumkartlegging av Øysteseelva

I samband med områdeplan for Øystese sentrum har Kvam herad engasjert Norconsult til å vurdera naturfare i områdeplanen og sikring av Øysteseelva.  Arbeidet til Norconsult tek for seg Øysteseelva, Vikelva, Øyrabekken og vurderingar av områdestabilitet/kvikkleire i Øystese sentrum.

Rapportane er no ferdige, og me vil invitera til ope møte måndag 17. juni klokka 19:15 på Kvam rådhus.  Julie Scott-Hansen og Katherine Aurand frå Norconsult vil vera med digitalt på TEAMS.  Dei vil presentera rapportane med hovudvekt på flaumrapporten for Øysteseelva, og deira framlegg til sikringstiltak.  

Etter møtet vil rapportane saman med Norconsult sin presentasjon verta gjort digitalt tilgjengeleg for ålmenta.

Til møtet ynskjer me å invitera grunneigarar, interesseorganisasjonar, frivillige lag, næringsliv, politikarar og andre som har interesse av arbeidet som er gjort. 

Om du ikkje kan møta på Kvam rådhus måndag 17. juni kan du få tilsendt lenke til TEAMS-møtet.  

Send då ein e-post til trobra@kvam.kommune.no innan fredag 14. juni kl. 15:00.