Invitasjon til kulturlivet i Kvam herad

Alle frivillige lag og organisasjonar og institusjonar innan kulturfeltet i Kvam vert invitert til informasjonsmøte 16.12 om etablering av kulturråd i Kvam.

Bilde av Kvam kino i Norheimsund - Klikk for stort bileteKvam kino

 

Vestland Kulturråd i samarbeid med Kvam herad inviterer til eit møte for å  inspirera til å danna eit kulturråd i Kvam, for å styrkja samarbeidet mellom frivillige lag og organisasjonar innanfor kulturfeltet i kommunen.

 Vestland Kulturråd samlar og styrkar det frivillige og amatørbaserte kulturlivet i heile fylket. Dei bidrar til etablering av kulturråd i kommunar i Vestland, for å skapa møteplassar, dela kunnskap og vera kulturlivets felles stemme mot politikarar og myndigheiter.

Er du interessert i kva eit kulturråd er, og om din organisasjon kan vera ein del av dette nettverket ?

Stad: Thon Hotel Sandven
Dato: Tysdag 16. desember 2025
Klokkeslett: 13:00 - 15:00

Kvifor bør du kome?

  • Lær av andre – få innsikt i kva som fungerer i andre kommunar. 
  • Bygg nettverk – få støtte, samarbeid og nye kontaktar i kulturlivet. 
  • Påverk framtida – bli del av den samla stemmen som jobbar for kulturfeltet i Vestland.
     

Kva kan ein oppnå ved å danna eit kulturråd?

  • Eit sterkt fagleg nettverk 
  • Samarbeid med andre i same situasjon 
  • Ei profesjonell stemme som talar for kulturlivet 
  • Ei arena for utvikling, påverknad og nye idear

 

Påmelding innan 12.12.25
E-post til Mary Ann Sørheim: MARS@kvam.kommune.no 954 07 710

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.