Fylkeskommunalt investeringstilskot vert berre løyvd til faste bygg/anlegg. Anlegget det vert søkt om støtte til, skal vere forankra i ein vedteken kommunal plan som omfattar fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Vestland fylkeskommune kan gje inntil kr 2 mill. i støtte til kommunar som ikkje har symjebasseng og/eller idrettshall og som vil byggja denne type anlegg.
Vestland fylkeskommune kan gje støtte til kostnadskrevjande idrettsanlegg, der ein kan arrangere nasjonale og internasjonale meisterskap. Storleiken på tilskotet vert vurdert utifrå godkjent finansieringsplan, ev. godkjend kostnadssum på spelemiddelsøknaden og ev. tilskot frå andre fylkeskommunale støtteordningar.
For meir informasjon om ordninga, sjå Vestland fylkeskommune sine nettsider. Søknader må sendast via kommunen. Kontaktperson i Kvam herad er Jon Nedkvitne, e-post jone@kvam.kommune.no, tlf. 979 53 274.