Innkalling til møte i brukarpanel for kvam.no, 29. mai, kl. 12.30
Møtet i brukarpanelet finn stad onsdag 29. mai, frå kl. 12.30 – 14 på Kvam rådhus. Møterom er booka i 3. etg, så møt gjerne fem minutter tidlegare nede i resepsjonen.
Saksliste:
- Orientering om arbeid som er gjort og planlagt på kvam.no, ved informasjonsrådgjevar og sekretær for gruppa, Øyvind Strømmen.
Det vil verta gjeve ei kort innleiing om arbeid som er gjort på nettsidene, og om utvikling av dei som er under arbeid, blant anna om:
- Informasjon på fleire språk
- Bookingteneste for hallar og sakshandsamarar
- Dialektdatabase
- Informasjonssider i samband med valet
- Diskusjon om kva rolle brukarpanelet kan spela.
Kva kan brukarpanelet bidra med? Kva ynskjer informasjonsrådgjevaren seg? Kva ynskjer panelet sjølv? - Diskusjon om utvikling av nettsidene.
Rom for idear, innspel, kommentarar, spørsmål osv.
Sist endra 17.09.2024 14:39