Informasjon om vassforsyninga i Vikøy-Aksnes-Vangdal

Det er sett opp ein framdriftsplan for kommunal overtaking av anlegget til Vikøy Vasslag. Partane vonar at naudsynte avtalar og vedtak kan verta gjort før ferien. Det kan såleis verta årsmøte i Vasslaget i mai.

Vikøy Vasslag manglar skrivne avtalar med dei som har vassleidningar over eigedomane sine. Kvam herad krev dette dersom dei skal overta vassverket med leidningsnettet og driva dette.

Mykje av leidningsnettet går langs kommunale og fylkeskommunale vegar med dei reglar som gjeld langs offentlege vegar, men det er også kring 30 grunneigarar som har hovudleidningar over eigedomane sine. Her må det inngåast avtaler om at heradet får rett til å koma fram til leidningen, og om at det vert lagt restriksjonar på bygging nær leidningen. Styret i Vikøy Vasslag må syta for at desse avtalane vert underskrivne.

Stabil vasskvalitet etter nyttår

Etter dei siste ombyggingane og justeringane gjort på reinseanlegget før jul, har vasskvaliteten ut på nettet vore god. Sjølv om råvatnet inneheld bakteriar i periodar, er vatnet anlegget leverer heilt reint. Det er ikkje trong for å koka vatnet.