Tilskot til kulturbygg
Dette er den tradisjonelle ordninga, finansiert med spelemidlar etter fordeling av Kulturdepartementet. Det kan søkjast om tilskot til:
- kulturhus
- fleirbrukslokale
- spesiallokale for kunst og kultur, som bibliotek, bygg for museum eller andre kulturverntiltak
- scenekunstlokale
- konsertsal
- formidlingslokale for biletkunst
- etablering av livssynsnøytrale seremonirom
Søknad blir sendt inn gjennom anleggsregisteret, og det er lokal søknadsfrist i kvar kommune. Kommunane går også gjennom søknadene og er det fleire vert det gjort eit politisk vedtak med prioritering av dei.
I Kvam er søknadsfristen 15. april. Kontaktperson i Kvam herad er Jon Nedkvitne, tlf. 979 53 274, e-post JONE@kvam.kommune.no.
Meir informasjon om ordninga er å finna på Vestland fylkeskommune sine nettsider.
Tilskot til kulturarenaer med regionale funksjonar
Denne tilskotsordninga er lyst ut med søknadsfrist 30. april 2022. Ordninga er meint for regionale kulturarenaer og for kulturbygg og -arenaer med regionale funksjonar. Meir informasjon er å finna på Vestland fylkeskommune sine nettsider. Der vil også eige søknadsskjema vera tilgjengeleg.
Kontaktperson i Vestland fylkeskommune er seniorrådgjevar Åge Avedal, tlf. 97 07 27 34, e-post age.avedal@vlfk.no.