Informasjon om mogleg nasjonalpark i Øystesefjella
Det er ikkje starta med formell verneprosess for Øystesefjella. Statsforvaltaren har fått i oppdrag å avklare om det er lokal aksept, for å førebu innhenting av kunnskap og eventuelt gjennomføre verneprosess seinare. Her finn du meir informasjon.
Kartskisse over området som er aktuelt for etablering av nasjonalpark.
Det er ikkje starta ein formell verneprosess for Øystesefjella. Statsforvaltaren har fått i oppdrag å avklare om det er lokal aksept, for å førebu innhenting av kunnskap og eventuelt gjennomføre verneprosess seinare.
Måndag 4. april 2022 vart det gjennomført eit ope møte der grunneigarar i Øystesefjellet var invitert. På dette møtet vart det gjeve presentasjonar frå Statsforvaltaren om oppdraget frå Klima- og miljødepartement om ytterlegare fagleg vurdering av tilrådde område for nasjonalpark, i tillegg til informasjon om supplerande vern i Vestland og informasjon om den eksisterande Folgefonna nasjonalpark. Presentasjonane frå møtet kan du lasta ned som PDF-filer under:
Nasjonalpark
I mai vart det gjeve ein tilsvarande presentasjon til dei folkevalde i heradsstyret.
Sjå også:
Nyttige peikarar:
Har du innspel?
Har du innspel til Kvam herad i samband med forslaget om nasjonalpark i Øystesefjella? Du kan då senda e-post på postmottak@kvam.kommune.no. Kontaktpersonar i heradet er sjef for samfunn, næring og kultur Jon Nedkvitne (tlf. 979 53 274) og leiar for næring Jan Tjosås (tlf. 920 18 912).
Denne sida vert oppdatert etterkvart som ny informasjon er på plass og tilgjengeleg. Du finn henne også på www.kvam.no/nasjonalpark/.
Sist endra 08.04.2024 14:52