Nytt vedtak
Kvam heradsstyre endrar barnehageopptaket frå 31.07.23.
Frå og med opptak frå hausten 2023 vert barnehagane tildelt rammer til bemanning, slik at bemanninga er stor nok til at barnehagane kan gje tilbod om plass gjennom året til dei barnehagen har ledig plass til.
Det vert gjort unntak for ei avdeling i Tørvikbygd barnehage, som rådmannen får fullmakt til å vurdera særskilt ved behov.
Eventuelle endringar i økonomiske rammer, vert innarbeidd i driftsrammene i samband med tertial og budsjett. 01.04.23 er siste løpande opptak.
- Føresette som søkjer plass etter 01.04.23 kan få tilbod om plass dersom det er ledig i barnehagen dei søkjer, eller i ein anna barnehage med ledig kapasitet.
- Føresette som søkjer etter at alle barnehagane er fylt opp, får ikkje plass før ved neste hovudopptak.
Det vil bli gjeve tilbod om plass dersom det vert ledig i løpet av året, ved evt. oppseiing av plass i barnehagen.