Ikkje la alkohol bli elefanten i rommet denne jula

I ein familie kan ein ofte ha ulike forventingar til kor mykje alkohol som er greitt, særleg når barna er med. Derfor er det lurt å ta ein prat på førehand og bli einige om kva de synest er passande.

bilde av mor og dotter ved eit julepynta bord - Klikk for stort bilete Av og til

 

I jula drikk nordmenn meir enn elles i året, og i julemiddagar og juleselskap er det ofte også barn til stades. Då er det viktig å vera ekstra bevisst.

– Barn legg merke til meir enn me ofta trur. Dei ser korleis stemninga blir ei anna etter nokre glas, korleis latteren blir høgare, blikka endrar seg eller samtalane får ein annan tone. Det kan barn oppleva som ubehageleg, seier Ragnhild Kaski, generalsekretær i Av-og-til. 

Akevitt og juleøl høyrer jula til for mange, men samtidig er alkohol eit tema ein ofte ikkje snakkar om. Då kan det at enkelte drikk litt for mykje, fort bli elefanten i rommet – det som alle legg merke til, men ingen heilt anerkjenner. – Dersom de snakkar saman om alkohol på førehand, i god tid før middagen, er det også lettare å seie frå undervegs. Då kan ofte eit vennleg blikk, ei hand på skuldra eller eit forslag om kaffi i staden for meir vin vere nok, oppfordrar Kaski.

Bruk alkovett saman med barn

Kvam herad er ein Av-og-til-kommune og samarbeider tett med Av-og-til for å førebyggje og redusere skadeleg alkoholbruk. 

– Barn trivst best med vaksne som oppfører seg som dei pleier. Derfor oppfordrar me alle vaksne som skal feire jul saman med barn, til å bruke alkovett, seier Guro Torpe, ruskonsulent i Kvam herad.  Alkovett er å tenkje gjennom om du skal drikka i ulike situasjonar, kor mykje du i så fall skal drikka, og korleis dette påverkar både deg sjølv og andre.

Éin av to i Kvam synest det er for mykje drikking i jula når det er barn til stades

I ei undersøking blant innbyggjarane i Kvam herad svarar 49 prosent at dei meiner det er for mykje drikking saman med barn i jula. 

Det syner at mange opplever det same: For mykje alkohol kan gå ut over den store høgtida for barna.

Difor har me ei oppfordring til deg: Ta ein prat om kor mykje alkohol som er greitt, helst i god tid før pinnekjøtet står på bordet.

Ein kort prat er nok

Skal me ha vin til maten i år? Kor mykje? Kva er greitt når barna er med?

Ofte er det som skal til, ein kort, open samtale av den typen ein kan ha også om heilt andre ting før julemiddagen: Kven lagar riskrem? Skal me gje gåver berre til barna i år? Mange vil bli letta over at nokon tek initiativ til å snakke om alkohol.

tekst av hugseliste og bilde av gut - Klikk for stort bilete Av og til

Den viktigaste hugselista i jula: 

  • Drikk null, eitt eller maks to glas når du er saman med barn.
    Når barna blir spurde, er det dette dei fleste svarer er greitt. Hugs at i enkelte situasjonar, og med enkelte barn, er det best å unngå alkohol heilt.
  • Ha flest dagar utan alkohol.
    Ver bevisst på at fri frå jobb, feriar og seine kveldar kan auke sjansen for at du drikk meir eller oftare enn du elles ville ha gjort.
  • Bli einig med dei andre vaksne om kor mykje alkohol som er greitt.
    Det er òg lurt at minst éin er edru og kan køyre bil dersom det skulle skje noko.
  • Unngå å drikke på ein måte som går ut over planane for morgondagen.
    Det blir kjekkare for både deg og barna når du er opplagd og i god form.
  • Ver spesielt bevisst i feriar og høgtider.
    Barn blir ekstra sårbare for endringar hos vaksne når forventingane er store, når rutinane blir endra, eller når dei er borte frå dei trygge rammene.
  • Hugs at barn blir påverka før du blir det.
    Barn merkar at du har drukke, tidlegare enn du trur. Stopp derfor før du sjølv kjenner deg påverka eller brisen. 
     

Vil du lesa meir? 

Besøk Av-og-til på nett: https://avogtil.no/tema/barn-og-unge/

Les meir om Kvam som Av og til kommune på denne lenkja

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.