Humoristisk kjærleikserklæring til korpslivet

Norheimsund skulemusikklag deltek i ei sjarmerande teaterførestilling for deg som er glad i korps.
I denne førestillinga møter me to skodespelarar i mange morosame roller. Tysdag 19. mars har dei med seg Norheimsund skulemusikklag på scenen.
Førestillinga fortel historia om eit korpsår: året då dei to nybakte tenåringane Silje og Emil treff kvarandre. Kjærleik ved fyrste blikk kan ein ikkje kalla det, men det tek ikkje lang tid før det vert spleisemeny og rekordforsøk i å halda hender, samt maimarsj og krinsmesterskap.
Teaterstykket er skrive av Knut Nærum, Janne Langaas er regissør. Du kan lesa meir og tinga billettar på Den Nationale Scene sine nettsider.
Sist endra 04.03.2019 13:06