Høyring om nedklassifisering / privatisering av kommunale vegar

Kvam heradstyre vedtok den 20. oktober, i sak 087/21, å leggja saka "Kommunale vegar - nedklassifisering / privatisering" ut på høyring. 

Hovudføremålet med saka å tilstrebe ei likebehandling av innbyggarane og å rydde opp i både avgrensingar og til dømes ulik behandling knytt til snøbrøyting.

Vegnorma set ein kommunal standard, og ein bør tilstrebe lik handsaming av innbyggarane ut frå denne. Nokre stader er det uklart kvar den kommunale vegen stoppar. Det er også eit poeng at private kan ha rett til å søkje om naturskadeerstatning for privat veg, medan dette ikkje er mogeleg for kommunal veg/kommunen. Nokre vegar er svært utfordrande å drifte, og ressursbruken i forhold til nytten må vurderast.

For meir informasjon:

Dei fleste kommunale vegane vert ikkje omfatta av saka. Dei som vert det er delt inn i fire grupper: 

  • O - (Oppretting) –  Dette er vegar som er drivne som private vegar, dvs. ingen realitetsendring. Nokre vert brøytt av kommunen, sjølv om dei er private. Vegen kan og vere vist som kommunal i nasjonal vegdatabank (vegkart.no).
  • A - (Minimumskategori) - korte vegar til enkelthus
  • B - (Mellomkategori) - vegar som er kortare enn 150 m eller går til færre enn 10 bueiningar (grense etter vedteken vegnorm) 
  • C - (Kost/nytte – kategori) - kost/nytte ved nedklassifisering må vurderast enkeltvis.

Sjå oversikt i eige rekneark (XLSX, 53 kB), og på kart

Saka omfattar også to søknader frå private, knytt til ynskje om kommunal overtaking. Det gjeld overtaking av vegen til Grøning i Strandebarm og overtaking av del av veg i byggefelt i Dalheim i Tørvikbygd

Fristen for å koma med kommentarar er 10. desember 2021. Høyringskommentarar kan sendast til kommunen på postmottak@kvam.kommune.no eller per post til Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund. Merk kommentarane med "Sak nr. 21/11092: Kommunale vegar, nedklassifisering". 

Dersom du har spørsmål eller ynskjer meir informasjon om saka, kan du ta kontakt med leiar for kommunalteknikk Nils Eivind Stranden på tlf. 56 55 31 87, eller teknisk sjef Lars Ese Ur på tlf. 56 55 31 53.