Heradsstyret vil ha produksjonskjøken sentralt

Heradsstyret vedtok tysdag at det skal arbeidast vidare med etablering av eitt produksjonskjøken i kommunal regi.
Illustrasjonsbilete RitaE / Pixabay

Saka er tidlegare handsama i formannskapet. Rådmannen rådde der til at det skulle arbeidast vidare med etablering av eitt slikt kjøken i kommunal regi, med eit mål om å starta produksjon av middagar til institusjonar og heimebuande i Kvam frå 1. mars 2020, og innanfor rammene til noverande middagslevering.

I saksutgreiinga skriv rådmannen også: «På grunn av logistikken, tidsfristar for utkøyring av mat og geografien i kommunen, må vera lokalet i området Norheimsund – Øystese». I formannskapet fekk Frode Nygård (Frp) støtte til å presisera dette også i innstillinga til heradsstyret, medan Senterpartiet meinte at ulike plasseringar måtte vurderast. 

I heradsstyret gjekk Senterpartiet og Høgre saman om å ville greia ut fleire plasseringar, inklusive på institusjonane. Men fleirtalet heldt på innstillinga frå formannskapet, og avgjorde at eit slikt produksjonskjøken skal etablerast i Norheimsund/Øystese-området. 

Brannstasjon til Mo

Av dei andre sakene heradsstyret handsama var plassering av ny brannstasjon for Norheimsund og Øystese, ei sak som også tidlegare har blitt omskrive her på kvam.no. Her landa heradsstyret samrøystes på rådmannen si innstilling, slik også formannskapet gjorde: Den nye brannstasjonen skal dermed byggjast på Mo i Steinsdalen, like ved politiet sine lokale. Den økonomiske ramma for prosjektet vert på 18,5 millionar kroner.

Du kan sjå heile heradsstyremøtet i opptak på kommune-TV. Sakspapira til møtet finn du i Kvam herad sin møteportal