Heradsstyremøte tysdag

Jostein Ljones (Sp) under eit tidlegare heradsstyremøteTysdag 5. april inntek heradsstyrepolitikarane på ny talarstolen. Denne gongen er mellom anna menneske på flukt, bilar på straum og hol i fjell blant temaa.

Heradsstyremøtet går av stabelen i rådhuset frå kl. 16, og startar med orienteringar frå Sivilforsvaret, BIR og Hardangerrådet. Deretter følgjer mellom anna desse sakene:

  • Uttale til regional transportplan, fylkeskommunen sitt handlings- og investeringsprogram for samferdsel for åra fram til 2033, der mellom anna ny veg forbi Tokagjelet ligg inne
  • Mottak av flyktningar frå Ukraina, der det ligg føre eit framlegg om å auka talet på flyktningar som skal busetjast i Kvam i 2022 frå 15 til 95, i tråd med oppmodinga frå IMDI. Du kan sjå formannsskapet sin diskusjon om saka i kommune-TV. Innstillinga frå formannskapet var samrøystes.
  • Fjernvarmeanlegg og hurtigladestasjonar.

Heile sakslista er å finna i Kvam herad sin møteportal

Det har også kome inn fleire interpellasjonar til møtet:

  • KrF, MDG, Raudt og SV har gått saman om å føreslå ei uttale om norske born som er i oppsamlingsleirer i Syria
  • Ap, H, KrF, Frp, MDG, SV og Raudt har sett fram ein interpellasjon som munnar ut i eit framlegg om å gje 200.000 kroner til Raudekrossen sitt arbeid for flyktningar i nærområda til Ukraina. 
  • Jostein Ljones (Sp) har sett fram ein interpellasjon om straumpriskompensasjon til friviljuge lag og organisasjonar
  • Dag Rune Mo (Ap) har meldt inn eit ynskje om at Kvam skal vera oppført i offentlege register som "herad" og ikkje "kommune"