Heradsstyremøte tysdag

I morgon, tysdag 9. november, er det heradsstyremøte i Kvam. Møtet går av stabelen i heradsstyresalen på rådhuset, frå kl. 16.

Fellesbilete av heradsstyret, teke i samband med deira fyrste møte etter valet 2019 Sigbjørn Linga, HF   

Heile sakslista til møtet finn du i Kvam herad sin møteportal. Blant sakene heradsstyret skal handsama denne gongen er ei rekkje søknader om støtte frå Kraftfondet, ein handlingsplan knytt til kvalitetsreforma "Leve hele livet" og årsmeldinga frå mobbeombodet. 

Under open time vert Kvam herad sin byggeskikkpris delt ut. Dette er ein heiderspris for bygningar og uteanlegg i kommunen, og ved utdeling av prisen vekt på korleis utforming og innpassing speglar respekt for landskapsverdiar; på miljøfokus; og på bruk av stadlege byggetradisjonar enkeltvis, i gruppe eller i tilpassing til eksisterande byggmasse. 

Det vert også gjeve ein presentasjon frå Trygg Trafikk, den sistnemnde i samband med Kvam herad sitt arbeid som trafikksikkert herad.

Møtet vil også verta sendt i kommune-TV.