Heradsstyremøte torsdag 10. desember

Torsdag er det heradsstyremøte. På sakslista står mellom anna budsjettet for 2021, ei rekkje søknader til Kraftfondet, samt eventuell auke i eigenkapitalen til Hardanger AKS.

Du kan lesa meir om budsjettframlegget frå formannskapet i ein eigen artikkel. Sakspapira finn du via Kvam herad sin innsynsportal.

Møtet går føre seg i den store møtesalen på Thon Sandven, og startar kl. 9 om morgonen. 

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.