Tilstandsrapportane kan du sjølv lesa via Kvam herad sin innsynsportal, for grunnskulen og for barnehagane.
I konklusjonen til den fyrstnemnde vert det påpeikt at dei tilsette i skulen i løpet av året som har gått har synt endringsvilje og kapasitet i samband med nedstenginga grunna koronaviruset: "Situasjonen har lært oss noko om kollektiv kapasitet og kva me saman kan få til om me lyftar i flokk, på tvers av klasserom, team, trinn og skular", heiter det.
Erfaringane frå denne uvanlege tida kan vera nyttige i samband med implementering av Kunnskapsløftet 2020, inkludert den såkalla fagfornyninga, men også knytt til mellom anna digital kompetanseheving.
Arealstrategiar for Kvamskogen
Den gjeldande planstrategien sler fast at kommunedelplanen for Kvamskogen skal rullerast. I den samanhang skal heradsstyret peika på nokre arealstrategiar.
Rådmannen har i si saksutgreiing løfta fram utbygging, friluftsliv, infrastruktur, natur, tenste/servicetilbod og FN sine berekraftsmål som viktige tema, og på arealstrategiar knytt til desse ulike temaa. For temaet natur handlar det til dømes om leggja in kjende registrerte grønstrukturar og naturkartleggingar i overordna plan, og om å sikra vassdrag, kringliggjande kantsoner og myrområde. Full oversikt får du i sakspapira.
Saka har tidlegare vore handsama i både Kvam miljø-, plan- og bygningsutval, og i formannskapet. Formannsskapet tok inn eit tilleggspunkt om at ein må sikra framtidige område for alpinanlegg som er snøsikre, med tilhøyrande infrastruktur.
Kraftfond og leksefri
I heradsstyremøtet i ettermiddag skal det også handsamast ei lang rekkje ulike søknader om støtte frå Kraftfondet, nokre endringar i reglementet til ungdomsrådet og kor vidt rådet for menneske med nedsett funksjonevne og eldre skal få talerett i formannskapet og heradsstyret.
Raudt og SV har sendt inn ein interpellasjon om leksefri skule. Dei ber om at rådmannen skal ta kontakt med kommunar som har leksefri grunnskule, for å hausta erfaringar, dette for å kunna vurdera kor vidt liknande ordningar skal innførast ved grunnskulen i Kvam frå hausten 2021. Blant kommunane som har forsøkt ei slik ordning er Kvam sin nabokommune Samnanger.
Du finn alle sakspapira til møtet i Kvam herad sin innsynsportal.