Heradet takka dugnadsarbeidarar
På vegner av kommunen takka teknisk sjef Lars Ese Ur for dugnadsinnsatsenKvam herad heidra dugnadsarbeidarar i Øystese og Ålvik med kaffi og kaker onsdag føremiddag.
Det vert gjort mykje dugnadsinnsats fleire stader i Kvam, mellom anna i Øystese sentrum. Onsdag inviterte Kvam herad ved Stein Rykkje på kaffi og kaker som takk. Nokre dugnadsarbeidarar frå Ålvik var også invitert.
Rykkje er leiar for forvalting, drift og vedlikehald av bygg i Kvam herad, og understreka at han set stor pris på den innsatsen som vert lagt ned, både i Øystese og andre stader.
Teknisk sjef i Kvam herad heldt også ei kort tale, der han takka for innsatsen som vert lagt ned. — Det er mange som fortener takk, og som burde ha vore med her, sa han. Ur understreka også at frivillig innsats truleg vil bli berre viktigare i åra som kjem.
Du kan lesa meir om arrangementet i lokalavisa Hordaland Folkeblad.
Sist endra 26.08.2022 13:04