Helsing frå ungdomsrådet: God skulestart!

God skulestart, alle elevar i kvammaskulen! Om du er heilt ny på ein skule eller berre startar på eit nytt år så ynskjer me i Kvam Ungdomsråd deg lukke til!

Me håpar at året i år vert mindre prega av coronaviruset, men me lyt fortsatt vera på vakt! Det kan komma lokale utbrudd og tiltak, difor må me ta førehandsreglar. 

Me håpar og at alle tek vare på kvarandre og er inkluderande. Alle må få vera med i leiken! Ta vare på dei rundt deg, sjølv om det kanskje ikkje er dei du prata mest med. Dette gjeld ikkje berre på skulen, men og på skulevegen og på fritida.

Ta hensyn til dei som er nye på skulen din. Dei er kanskje litt usikre i starten, ta dei godt imot og vis fram dei gode sidene ved skulekvardagen. Prat med ein lærar om du er usikker på noko. Læraren er der for å hjelpa deg!

Om alle viser respekt ovanfor kvarandre så har me både eit godt læringsmiljø og skulemiljø. Slik bidreg me saman til å gjera Kvammaskulen til verdas beste!

Kvam Ungdomsråd

For meir informasjon om Kvam ungdomsråd, sjå deira undersider her på kvam.no.