Hardingtinget møtest på torsdag

Torsdag 13. februar er det møte i Hardingtinget, som er samansett av formannskapa i dei fem hardangerkommunane, inkludert Voss.

 

Tinget har til saman 37 representantar: Kvam herad, Ullensvang kommune og Voss herad har ni representantar kvar, medan Eidfjord og Ulvik kommunar har fem representantar kvar.

Tema for møtet, som går av stabelen på Thon Hotel Sandven i Norheimsund, er besøksforvaltning og besøksstrategi. Dagsprogram:

08.45 - 09.15: Registrering
09.15 - 09.30: Opning ved rådsordførar Torgeir Næss
09.30 - 10.00: Visit Hardangerfjord v/ Andreas Skogseth: Hardangerturismen annon 2020
10.00 - 10.20: Destinasjon Voss, v/ Mona Hellesnes: Merket for bærekraftig reisemål
10.20 - 10.40: Pause
10.40 - 11.00: Vestland fylkeskommune v/ Marta Dixon: Trolltunga. Døme på heilskapleg plan for besøksforvaltning
11.00 - 11.30: Visit Sognefjord v/Ståle Brandshaug: Masterplan for Sogn, kva er overføringsverdiane til Hardanger?
11.30 - 12.00: Oppsummering og spørsmål
12.00 - 13.00: Lunsj
13.00 - 14.00: Gruppeoppgåver
14.00 - 14.10: Pause
14.10 - 14.45: Presentasjon av gruppearbeidet
14.14 - 15.00: Oppsummering ved rådsordførar Torgeir Næss og dagleg leiar i Hardangerrådet, Jostein Eitrheim
15.00: Møteslutt.

Møtet er ope.