Har du sett hamnespy? Ta grep!

Hamnespy er ein framand art som legg seg som store teppe på havbotnen, og fortrengjer andre artar. Hamnespy kan få alvorlege konsekvensar for norske kystområde og marine næringar.
 

Sjekk båt og utstyr jamleg

  • Botnsmør båten: Båtar og utstyr som har vore vinterlagra på land er trygge. For å hindra begroing av hamnespy tilrår me å botnsmørja båten med anti-fouling-måling før du set han ut.
  • Fjern hamnespy: Båtar og utstyr som har vore i sjøen i vinter, og båtar og utstyr med hamnespy, bør behandlast på ein av desse måtane: 
    - set båt og / eller utstyr på land i ei veke
    - heis opp og spyl eller skrap i botnen av båt og / eller utstyr. Sørg for at begroing og spylevatn ikkje renn ut i sjøen
    - plasser utstyr med begroing i ferskvatn i minst 6 timar

Plikt til å visa aktsemd

Alle har plikt til å unngå at framande artar spreier seg. Om du oppdagar hamnespy skal du gjera tiltak for å redusera risikoen for at arten vert spreidd vidare. På miljodirektoratet.no les du meir om korleis du kan hindra at hamnespy spreiar seg, og om korleis du melder frå om funn. Du finn også fleire bilete av hamnespy.