Kvam herad bur seg på å ta imot flyktningar som eit resultat av krigen i Ukraina. I samband med dette høyrer me gjerne frå innbyggjarar som har ledig husvære.
Over 1,7 millionar menneske skal ha flykta frå Ukraina dei siste dagane, og det er venta at talet vi auka. Også til Noreg kjem ukrainske flyktningar, og kommunar landet over gjer seg klåre til å ta imot dei.
Det er uvisst kor mange som kan koma til Kvam herad. For å vera budd på situasjonen, ynskjer kommunen likevel å koma i kontakt med innbyggjarar som har bustad / husvære / rom det kan vera aktuelt å leiga ut. Dersom du har det, ta gjerne kontakt med Stein Rykkje i Kvam herad, på e-post steryk@kvam.kommune.no. E-posten bør innehalda kontaktinformasjon og litt informasjon om det aktuelle husværet (adresse, storleik).
Sist endra 17.09.2024 14:39