Har du innspel til oppvekstplanen? Nytt sjansen!

Kvam herad er i gang med å laga ein kommunedelplan for oppvekst, som skal gjelda frå 2023 til 2033. For at planen skal verta god, er det viktig å få innspel.

Mange aktørar i kvammasamfunnet har tidlegare i vinter fått ein e-post med invitasjon til å gje innspel til planen. Denne invitasjonen har gått til ymse kommunale tenester, men også til andre, til dømes til lag som driv med fritidsaktivitetar for barn og unge, grendautval, næringslivet, FAU/SU ved skular og barnehagar og fleire andre.

Er du blant dei som har fått tilsendt eit innspelsskjema på e-post? Nytt gjerne sjansen til å diskutera korleis de som aktør er viktige for barn og unge i dag, og kva de meiner er viktig for oppvekstvilkåra i Kvam i åra framover. 

Høyrer du til i ei foreining eller på ein arbeidsplass eller i ei anna gruppe som ikkje har fått ein slik e-post, og som tenkjer at jammen hadde det vore kjekt å gje innspel til oppvekstplanen? Ta kontakt med prosjektleiar Ingunn Hildonen Teigland: Ta kontakt med prosjektleiar Ingunn Hildonen Teigland på e-post ingtei@kvam.kommune.no eller telefon 482 76 813.

Fristen for å gje innspel har vorte sett til 15. mars. Viss dette vert for knapt: Ta kontakt, så lagar me ein avtale!

Me ønsker og håpar at oppvekstplanen skal verta diskutert av mange i lokalsamfunnet og at me får ein brei medverknad. Planen byggjer på ei forståing av at barn og unge lever liva sine på mange arenaer, der heimen, skule/barnehage og fritid er dei viktigaste. Gode oppvekstvilkår vert skapt gjennom felles innsats og ansvar frå kommunen og sivilsamfunnet. Vaksne er viktige i mange roller, det kan vera som foreldre, del av storfamilien, i nabolaget, som frivillig i aktivitetar for barn og unge, i korleis me møter barn, unge eller foreldre som del av arbeidsdagen vår.

Oppvekstplanen kjem til å skildra ulike faktorar som er med på å byggja ein god, trygg og kjekk oppvekst i Kvam. Me kallar dei beskyttande faktorar. Desse faktorane er:

  1. Trygge vaksne
  2. Aktiv fritid
  3. Å vera del av ein sosial fellesskap
  4. Mangfald vert sett på som ein ressurs
  5. Å kjenna tilhøyrsle til lokalsamfunnet
  6. Høg kvalitet på opplæringa
  7. Gode kommunale tenester for barn, unge, gravide og familiar

Det er råd å lesa meir om desse i kapittel 4 i planprogrammet for oppvekstplanen, som du kan finna via verktøyet Framsikt.