Hald Noreg reint: bli med på vårdugnad

BIR inviterer burettslag, velforeiningar, skular, barnehagar og andre til å delta i ryddedugnad. Dette er sjansen til å gjera det fint i nabolaget og nærmiljøet før festdagane i mai. 

Du kan melda deg på via BIR sine nettsider. Sekkar og hanskar kan hentast på BIR sin gjenvinningsstasjonar eller på rådhuset. 

Dugnadsboss frå nærmiljøet kan leverast gratis på ein av gjenvinningsstasjonane til BIR, når ein syner fram påmeldingsstadfestinga på e-post. Dersom det ikkje er mogleg kan dugnadssekkane setjast saman med bosspannet. Store gjenstandar (t.d. gamle syklar og bildekk) må leverast til gjenvinningsstasjon. Det same gjeld farleg avfall som oljekanner og elektronikk.