Grovagjelet stengt; færre parkeringsplassar

I samband med VA-sanering vert Grovagjelet mellom nr. 16 (Rådhuset) og nr. 26 stengt frå 3. november til 23. desember. Alternativ veg vert skilta på staden.   

Det er Kvam Maskin og Transport som utfører arbeidet. I samband med dette treng dei også ein plass for rigg. Denne vert lagt inst på parkeringsplassen ved Kvam familie- og læringssenter, sjå skissa over. Innkøyringa vert via den gamle innkøyringa til rådhuset. 

 

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.