God trivsel i barnehage og skule

Illustrasjonsbilete Pixabay / sluppe i det fri 13. november handsama heradsstyret kvalitetsrapportane for barnehage og skule i Kvam herad. Rapportane syner gode resultat, men også utfordringar.

Det er generelt god trivsel i skulane i Kvam. Resultat frå den såkalla LP-undersøkinga (læringsmiljø og pedagogisk analyse) viser likevel at gutar trivst dårlegare enn jenter, noko som samsvarer med nyare forskning om at gutar vert raskare skuleleie. Skulane byrja å arbeida særleg med dette førre skuleår.

Det er mindre mobbing i skulane i Kvam enn det nasjonale snittet. I kvalitetsrapporten (PDF) vert det understreka at det likevel er vondt for dei einskilde elevane som opplever mobbing, og at arbeidet mot mobbing krev eit jamnt trykk frå skuleleiinga og engasjement frå lærarane.

Lite fråfall

Læringsresultata i norsk, matematikk og engelsk varierer kring snittet for liknande kommunar. Resultata på ungdomsskulenivå har vore gode. Tala viser også at det er minimalt fråfall ved overgangen frå grunnskule til vidaregåande opplæring i Kvam.

Kvalitetsrapporten synleggjer også fleire utfordringar. Skulane opplever at dei ikkje har god nok kompetanse til å møte elevar som har det ekstra vanskeleg slik dei treng i ein travel skuledag. Dette har vore eit fokusområde i 2018, og arbeidet heldt fram i inneverande skuleår. Rapporten skildrar også den digitale situasjonen ved skulen som utilfredsstillande. «Om Kvammaskulen skal driva framtidsretta digitalisering, må maskinparken vert oppgradert både i tal og kvalitet», heiter det i rapporten, «og kvar elev må få utstyr som nettbrett eller PC, som mellom anna omtala i digitaliseringsstrategi 2018-2021». Du kan lasta ned heile kvalitetsrapporten i heradet sin innsynsportal.

Borna trivst i barnehagen

Kvalitetsrapporten for barnehagane  kan også lastast ned der. Den syner at borna trivst godt i barnehagane, men også at både tilsette og foreldre skårar lågare enn snittet på samarbeidet mellom skule og heim. Når det gjeld språkleg og sosialt utviklingsmiljø opplever pedagogane dei sosiale ferdigheitene som dårlegare enn snittet.

På bakgrunn av dette har hovudsatsinga i barnehagane det siste året vore nettopp samarbeid, med utgangspunkt i to spørsmål:

  1. Korleis kan barnehage og foreldre i samarbeid bidra til god sosial og språkleg utvikling?
  2. Korleis kan me leggja til rette for ein samarbeidande kultur blant dei tilsette?

Frå august av har alle barnehagane hatt tre – fire smøresmåltid og eitt eller to varme lunsjmåltid i veka. Dei tilsette har prøvd ut ulike menyar, der grønsaker er på bordet dagleg. Tilbakemeldingane frå foreldra er gode, borna deltek og et godt. Det har likevel vore utfordringar knytt til å få måltidet til å fungera som ein del av det pedagogiske opplegget, og utfordringar knytt til bestilling og varelevering.

Sommaropen barnehage – få dukka opp

Hausten 2017 bad heradsstyret administrasjon om å prøva ut sommaropen barnehage somamren 2018. Barnehageåret vart utvida med to ekstra veker i Øystese og Norheimsund barnehagar, og foreldra meldte på mellom 17 og 22 born i dei to vekene. Styrarane planla også bemanninga ut frå dette. Når sommarvekene kom, dukka under halvparten av dei påmeldte borna opp. Ei samla styrargruppe ynskjer likevel å gje det same tilbodet i 2019, men då med fokus på meir bindande påmelding, då tiltaket kosta meir enn det trong i 2018.

Utfordringar

Kvalitetsmeldinga peiker på ein del utfordringar også i barnehagen. Ein av dei er vikarsituasjonen. Kvar barnehage rekrutterer i dag eigne vikarar, og barnehagane bruker meir vikarar enn dei har budsjett til. Det fører til at ein må spara på andre utgiftspostar. I kvalitetsrapporten vert det lufta ein idé om å innføra ei tilsvarande vikarløysing som innan helse og omsorg, ei digital løysing der vikarane «melder seg på» vakter, istadenfor at styrar ringjer rundt. Dessutan vert det peikt på sjukefråver. Her vert gjort eit arbeid på leiarnivå rundt korleis ein kan skapa gode arbeidsmiljø for å redusera sjukefråveret.