Gjenbruksveka 18. - 24. november

Bli med på ulike arrangement og aktivitetar gjennom heile veka som skal redusera forbruk og auka gjenbruk!

Gjenbruksveka 2023. Bilde: Fjordmoods hentar drivved i Hardanger. - Klikk for stort bileteGjenbruksveka 2023. Bilde: FjordMoods er ei lokal bedrift med hovudfokus på miljø og berekraft. Gjenbruk av material er ein naturleg del av møbelproduksjonen 2050 Furniture, som Pieter Van Tulder i FjordMoods har utvikla. studiokatrine.no

Bakgrunn

Kvam herad skal i tråd med FN sitt berekraftsmål 13; «Stoppa klimaendringane»,

medverka til å stoppa klimaendringane og medverka til at Noreg vert eit lågutsleppssamfunn i 2050. 

Det er også eit mål at klimagassutsleppa i Kvam herad skal reduserast med 55% innan 2030 i høve til 1990, så må me både gjera store grep og endra små vanar.

Kvam herad arbeider for å verta Miljøfyrtårnsertifisert i løpet av 2023. I den samanheng er berekraftmål nr 12 om forbruk og produksjon eit viktig tema for å redusera klimaavtrykket.

Årets program

Me skal i lag med fleire lag og organisasjonar gjennomføra Gjenbruksveka 2023.

Det heile startar med jubileumsmarkering og kleframsyning på Miljøbutikken Plant eit tre laurdag 18. november. Så helde det fram gjennom veka til og med fredag 24. november 2023.

Programplakat Gjenbruksveka 2023 - Klikk for stort bilete

 

Gjenbruksveka har som føremål å synleggjera noko av det som finnast innan ombruk, reparasjon, utlåns- og deleordningar og andre sirkulære løysingar.  Dette er ein god moglegheit for frivillige organisasjonar, næringsliv og andre aktørar til å visa fram sine tilbod og aktivitetar.  

 

Til neste år vonar me å verta endå fleire, så det er berre tenkja seg om;

«Kva kan eg eller me bidra med for å redusera klimaavtrykket?»  

___________

Har du spørsmål eller innspel?

Ta kontakt med:

Miljøkoordinator, Runa Kvamme Ekrem
E-post: runekr@kvam.kommune.no

eller

Leiar for Samfunn, næring og kultur, Jon Nedkvitne
E-post: jone@kvam.kommune.no