Fylkeskommunalt utval kjem til Kvam

Kart 3

Måndag 22. oktober kjem Hordaland fylkeskommune sitt utval for kultur, idrett og regional utvikling (KIRU) til Kvam for å gjennomføre synfaring og møte. Blant sakene som skal opp på møtet er Kvam herad sin kommuneplan.

Programmet deira blir som følgjer: 

  • 10:00 – 10:20: Ein kort presentasjon av kommuneplanen i heradsstyresalen.
  • 10:20 – 12:00: Synfaring med buss. Rute: Norheimsund – Øystese – Ljones – Norheimsund. Dersom det er tid blir det eit stopp på Fonneland for å sjå på landskapet i samband med nytt akvakulturanlegg ved Kvamsøy.
  • 12:00 – 13:00: Lunsj på Sandven for utvalet
  • 13:00 – 16:00: KIRU har sitt politiske møte i Heradsstyresalen på rådhuset.

Dette er eit ope møte som alle kan kome å høyre på. Kommuneplanen til Kvam er første sak på sakskartet.

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.