Framlegg til adressenamn på nye adresseparsellar

Kvam herad skal oppretta og namnsetja ni nye adresseparsellar.  Avgrensing av områda framgår i kart nedanfor. Innspel om val av adressenamn og skrivemåte må leverast innan 23. mai 2025

Val av adressenamn er todelt; namn og skrivemåte. Kvam herad sin tradisjon for val av adressenamn er å ta utgangpunkt i lokale stadnamn innanfor, eller i nærområde til adresseparsellen. For å finna lokale stadnamn er desse kjeldene nytta: Stadnamnportalen, Sentralt stadnamnregister (SSR) som framgår i Norgeskart, stadnamn innsamla på 1930-talet lagra hjå Kvam herad, og kontakt med lokalkjente i områda.

Framlegg til adressenamn:   Orreflaten   kart (PDF, 5 MB)

Som fylgje av komande endring i tilkomst vert det oppretta ein ny adresseparsell for vegen mellom Kvam rådhus og Gamle Dalavegen. Endra tilkomst framgår av reguleringsplan for Kvam vidaregåande skule, vedteken 20.10.21.

Då området vart utbygd kring 1950-talet vart denne vegstubben kalla Netelandsvegen. Bakgrunnen for kallenamnet var at fleire med etternamn Neteland bygde hus her. Namnet er lite aktuelt som offisielt adressenamn, då Neteland er namn på ein annan geografisk stad i Kvam. I SSR finn ein stadnamna Aplahaugane og Hausthaugen i området. Lokalkjente er ikkje kjent med dei namna, og seier at Orreflaten vart nytta på denne flaten nedanfor Orrelia og Orrehaugen. Det namnet framgår også som bruksnamn på ein av eigedomane her.  Det vert gjort framlegg om Orreflaten som namn på den nye adresseparsellen. Namnet Orreflaten framgår ikkje i SSR. Det gjer derimot Orrehaugen, og skrivemåten har status som «Godkjent skrivemåte». 

Framlegg til adressenamn:   Aldegarden eller Aldehagen   kart (PDF, 5 MB)

Som fylgje av kommande endring i tilkomst vert det oppretta ein ny adresseparsell for område mellom fvylkesveg 79 og Toloheimen. Plan for ny avkøyring/tilkomstveg framgår av reguleringsplan for Tolo, vedteken 19.05.2014. 

Stadnamn for området registrert i stadnamnportalen er Tolo, Eikesbakken, Kalvhagen, Træet, Smiebakken, Storåkeren, Humlagarden, Sjurabruket, Arne-Olav-bruket. Namnet Tolo inngår i 4 adressenamn i Kvam. Det er ikkje ynskjeleg å oppretta fleire adressenamn med namnet Tolo, då det lett kan medføra forvirring og forveksling. Frå dokument til utskiftinga i 1876 framgår namna Sjoarveien, Hagaveien, Stueveien, Vallandsveien, Skaarsveien i el nær området for adresseparsellen som skal namnsetjast. Namnet sjoar kjem av sjø, og sjoarveien var vegen til sjøen (båtstø). Sjoarvegen kan vera eit aktuelt adressenamn, men er allereie brukt som adressenamn i svært mange kommunar på Vestlandet. Det kan difor vera uheldig å ta det i bruk i Kvam også, utifrå forvirring og forveksling av namn.

Frå stadnamn innsamla på 1930-talet (lagra hjå Kvam herad) finn ein namnet Aldegarden registrert. Namnet er knytt til eit av gardsbruka i området som vart kalla Heibergbruket, då ein av brukarane før utskiftinga var i frå Heiberg i Sogn. Dei dreiv tidleg med fruktdyrking på dette bruket, i nyare tid vart det dyrka jordbær og bringebær her. Fruktdyrkinga er bakgrunnen for namnet Aldegarden. På norgeskart.no finn ein at Aldegarden ikkje er nytta som adressenamn i Noreg. Aldegarden eller evt. Aldhagen vert vald som framlegg til adressenamn. Namnet Aldegarden inngår ikkje i SSR, skrivemåten er slik det er nedskrive i registreringa frå 1930-talet.

Framlegg til adressenamn:   Smiedalen   kart (PDF, 5 MB)

Området er i dag under regulering til bustadføremål. Tilkomst til storparten av planområdet er planlagt frå Norheimsvegen (fv5120). Stadnamn for området registrert i Stadnamnportalen er Nedste Kjerrane, Bytteskinn, Brekkene, Smiedalen. Frå lokalkjent vert det sagt at namnet Smiedalen ikkje har vore i aktiv bruk siste generasjon/ar. Lokalkjent legg til at område for gnr 32 bnr 429 vart kalla Hauane. Heile området for adresseparsellen har vore nytta til busetnad og dyrking langt attende i tid. Spor frå dette er m.a. dokumentert i kulturhistoriske registreringar som vart gjennomført i reguleringsarbeidet. Framlegg til adressenamn er Smiedalen, fordi namnet fortel noko om bruk av området eldre tider. Namnet inngår ikkje i SSR, skrivemåten Smiedalen er slik det framgår i Stadnamnportalen.

Framlegg til adressenamn:   Omaholmen   kart (PDF, 3 MB) 

Dette er stadnamnet på ein holme utanfor Omastrand. Det fell naturleg å gjera framlegg om Omaholmen som adressenamn. Skrivemåten har i SSR status som «Godkjent skrivemåte».

Framlegg adressenamn:   Børsheimholmen   kart (PDF, 3 MB)

Dette er stadnamnet på ein holme utanfor Ytre Børsheim i Strandebarm. Det fell naturleg å gjera framlegg om Børsheimholmen som adressenamn. Skrivemåten har i SSR status som «Vedtatt».

Framlegg til adressenamn:   Larsaholmen   kart (PDF, 2 MB)

Dette er stadnamnet på ein holme utanfor Linga i Strandebarm. Det fell naturleg å gjera framlegg om Larsaholmen som adressenamn. Skrivemåten har i SSR status som «Godkjent skrivemåte».

Framlegg til adressenamn:   Sandvenholmen   kart (PDF, 3 MB)

Dette er stadnamnet på ein holme utanfor Norheimsund. Det fell naturleg å gjera framlegg om Sandvenholmen som adressenamn. Skrivemåten har i SSR status som «Godkjent skrivemåte».

Framlegg til adressenamn:   Kvamsøy   kart (PDF, 2 MB)

På øya Kvamsøy er fleire lokale stadnamn. Utifrå at heile øya skal inngå i ein og samme adresseparsell fell det naturleg å gjera framlegg om Kvamsøy som adressenamn. Skrivemåten har i SSR status som «Godkjent skrivemåte».

Framlegg til adressenamn:   Vikane   kart (PDF, 2 MB)

Vikane er ei vik i Fyksesundet, innanfor grenda Klyve. I Stadnamnportalen står namnet Vikane på området. Dette namnet vert også nytta i daglegtale for området. Namnet framgår ikkje SSR. Det gjer derimot Vikanes, som er namnet på eit nes i nærleiken. Skrivemåten av Vikanes har i SSR status som «Godkjent skrivemåte». På bakgrunn av dette vert Vikane framlegg til adressenamn.

Brev med framlegg til adressenamn er sendt til grunneigarar og grendautval i dei aktuelle områda. Etter den lokale høyringa vert framlegga sendt vidare til Språkrådet (statens forvaltningsorgan for språk).

Om nokon meiner andre namn høver betre, ber me dykk om å senda innspel om det no. I all hovudsak er det ynskjeleg at adressenamnet tek utgangspunkt i namn som er brukt i eller nær området for den aktuelle adresseparsellen. Grunngjeving av både namn og skrivemåte må framgå.

 

Innspel må sendast inn innan 23. mai 2025.

 

Har du spørsmål eller ynskjer meir informasjon? Ta kontakt med: