Fotokonkurranse: Vis oss ditt Kvam!

Me ynskjer dine bilde frå Kvam til bruk i formidling av kommunen vår. Og oppmodar deg difor om å ta eit tilbakeblikk på året som har gått for å sjå om du har klart å fanga noko du vil dela med oss?

bildekomposisjon av menneske som tar bilde - Klikk for stort bilete

 

Ein hyggeleg start på året ved å kikka tilbake på gode minner frå 2023

Bildebehovet vårt er større enn nokon gong. Me treng stadig bilde for å syna fram menneska, aktiviteten, naturen, kulturen og det som elles rører seg i Kvam.

Det trengs freistande, ekte forsidebilde til fleire ulike tenester og system me har i heradet og ikkje minst til stillingsutlysingar som skal trekke endå fleire menneske til oss.

Ynskjer du bidra?

Aktuelle stikkord kan vera:

  • Ditt Kvam – kva er Kvam for deg?
  • Fritid
  • OPPLEVINGAR
  • GLEDE
  • IKONISKE stader i Kvam
  • Mangfald
  • SAMHALD
  • Kultur
  • Lag, organisasjon og frivilligheit
  • Vinter (ski, akebrett, tur, vêr, veg, mørketid, refleks, jul, vinterferie…)
  • Vår (bløming, turglede, snøsmelting, uteleik, tur, nasjonaldag, dyr, påske, ungdom..)
  • Sommar (bading, båt, uteliv, is, fjelltur, festival, ferie, grille, resteplass, samhald, barn..)
  • Haust (Aktivitet, lys, besteforeldre, hygge, skulestart, fiske, frukt..)
  • Merkedagar
  • KVARDAGSLIV i Kvam
  • Ein KVEMMING

Tre vinnarar mottek premie på produkt, teneste eller oppleving i Kvam!

  1. Gåvekort til valfri bruk i Kvam kr 2000,-
  2. Gåvekort til valfri bruk i Kvam kr 1000,-
  3. Gåvekort til valfri bruk i Kvam kr 500,-

Bildene vert nytta på ulike kanalar og plattformar der me formidlar Kvam herad. Frå nettside, trykksaker, Sosiale Media til webcruiter og app.

Kven

Alle kan sende inn bilde dei sjølv har tatt i Kvam herad, med atterhald om at ein føl retningslinjene for konkurransen. (Les under)

Retningslinjer

  • Du må ha tatt bilde sjølv. Det er innsendar sitt ansvar å sørge for å ha opphavs- og/eller fotorett til bilde og å sørge for at eventuelle personar på bileta har godkjent at bilde vert offentleggjort.
  • Bilde må vera av nyare tid frå 2022, helst 2023.
  • Kvaliteten på bilde må vera god om me skal kunna nytta det på ulike flater både, trykk og digitalt. Høgoppløysleg  1- 3 mb (megabyte)
  • Bilde må vera i original format, utan filter eller vannmerke. Bileta kan bli beskåret i bruk.
  • Bileta må helst vera i liggande/horisontalt format.
  • Kvam herad tek atterhald om å nytta alle innsendte bidrag som illustrasjonar i eigne plattformar og kanalar utan vederlag, uavhengig av kven som vinn. Bileta vert kreditert med fotografen sitt namn, om de merkar bileta med det.
  • Juryen vil bestå av fire personar: leiar samfunn, næring og kultur Jon, personalkonsulent Anne, informasjonsrådgjevar Connie, samt ordføraren Torgeir.
  • Bileta vil bli vurdert etter skjønn, med vekt på at dei skal syna Kvam på ein realistisk og interessant, aktuell og/eller estetisk måte.
  • Bileta vil verta lagra med tilhøyrande fotograf sitt namn i vår mediebank dei neste fem åra.

Korleis delta

Delta ved å laste opp dine bilete på www.wetransfer.com (følg denne lenka).

Sett in e-post adresse: conlan@kvam.herad.no i mottakarfeltet.

  • Merk innsendinga med namnet ditt.
  • Namngje gjerne bildene også.

* Ved å laste opp og sende inn bilde til oss godtar du at du har lest og forstått retningslinjene for konkurransen.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

 

Frist for å senda inn bilde 1. februar 2024

På forhånd tusen takk for ditt bidrag!

___________

Spørsmål?

Kan rettast til informasjonsrådgjevar Connie Langeland.

E-post: conlan@kvam.herad.no