Sakspapira til møtet er tilgjengelege i Kvam herad sin innsynsportal. Opptak frå møtet kan du sjå i kommune-TV. På sakskartet stod blant anna årsmeldinga og årsrekneskapet for 2019. Formannskapet tilrår heradsstyret å godkjenna desse, og å setja av det rekneskapsmessige mindreforbruket på 8,1 millionar kroner på disposisjonsfondet.
På sakslista stod også ei sak rundt forskrifta om folkevalde si godtgjersle. Sjølve satsane var ikkje tema for denne saka, men det vart føreslege å utvida varaordførar si godtgjersle frå 10% til 20%.
Ordføraren har her peikt på at det er behov for at varaordføraren kan avlasta han, blant anna fordi endra kommune- og fylkesstruktur medfører ei auke i interkommunalt samarbeid og nye kontaktpunkt og prosjekt som må følgjast opp. Rådmannen sa seg i saksutgreiinga samd i dette, og peika også på at varaordføraren på Voss får 50% av ordføraren si godtgjersle. Etter ein del diskusjon slutta formannskapet seg til ei slik endring, som også skal handsamast av heradsstyret.
Vil ha dialog om Hardanger AKS-finansiering
I forkant av formannskapsmøte var det eigarmøte i Kvam Energi og Hardanger AKS. På formannskapet si saksliste stod også ei sak om Hardanger AKS, som Kvam herad eig saman med fylkeskommunen, Samnanger kommune og Kvam og Jondal NFU. Selskapet tilbyr produkt og tenester utført av personar som har behov for tilrettelagt arbeid og arbeidstrening, og har i fleire år hatt ein utfordrande situasjon.
Rådmannen rår til at kommunen no går i dialog med dei andre eigarane om framtidig finansiering, for å sikra ei berekraftig drift frametter. Den tilrådinga slutta formannskapet seg til, og ho går vidare til heradsstyret.
Planprogram for klimaplan
Etter ein høyringsrunde skal planprogrammet for Kvam herad sin klimaplan no endeleg vedtakast. Det har kome innspel frå fylkeskommunen, fylkesmannen, Fiskeridirektoratet, Tørvikbygd og Strandebarm bondelag, Vikøy og Øystese bondelag, Hordaland bondelag og Naturvernforbundet i Kvam.
Etter litt diskusjon slutta fleirtalet i formannskapet seg til rådmannen si innstilling i saka, som no vert sendt vidare til heradsstyret.