Formannskapet tilrår strauming av seg sjølv

Formannskapet gjekk idag, onsdag 5. februar, inn for at også formannskapsmøta skal straumast via kommune-TV, på lik line med heradsstyremøta. 

Skjermbilete frå kommune-TV-sending frå formannskapet   

Ynskjet om strauming av formannskapsmøta i Kvam herad vart fyrst fremja i ein interpellasjon frå representant Håvard Gjerde (Raudt), handsama i heradsstyret 12. november 2019. 

Idag er det strauming av heradsstyremøter og av orienteringar som vert gjevne i formannsskapet, via kommune-TV. I etterkant av møta vert det også lagt ut som opptak. Ordskiftet i formannskapet vert derimot ikkje strauma. 

I rådmannen si tilråding til formannskapet vart det framheva at strauming av formannskapsmøta, som i hovudsak er på dagtid, vil gjera det enklare for andre å oververa møta, og at ålmenta slik vil få auka moglegheit til å følgja med. På den andre sida peiker ho på at formannskapet i stor grad er ein politisk verkstad, og eit diskusjonsforum med låg terskel for å ta ordet. Strauming av møta kan medføra mindre grad av meiningslufting og diskusjon, men denne effekten er truleg forbigåande, skriv rådmannen, som konkluderer med at dette argumentet må vektast lågare enn argumentet om auka innsyn for ålmenta.

Det sa formannskapet seg samrøystes samde i, og dermed rår dei heradsstyret til å vedta at også formannskapsmøta skal straumast. I tillegg rår dei til at møta i det nye miljø-, plan- og bygningsutvalet også skal straumast. Den endelege avgjersla tek heradsstyret i sitt møte 18. februar.