Forlenga vegstenging av Grovagjelet

Frå 6. juni til 30. september 2024 vert Grovagjelet heilt stengt for biltrafikk frå kryss mot Fv.49 (ved Mo sport) og opp til kryss mot Gamle Sandvenvegen.

Utsnitt av skiltplan for Grovagjelet - Klikk for stort bilete

 

Det er etablert passasje for gåande og syklande på sida av anleggsområdet.

Vegen skal gravast opp og rehabiliterast i samband med utbygginga av ny VGS for Vestland fylkeskommune.

Tilkome til Rådhuset og andre einingar som er råka av stenginga er via Gamle Dalavegen.

Omkøyring er skilta.

 

Utsnitt av strekket Grovagjelet som vert heilt stengt for bilar i perioden. - Klikk for stort bileteStrekninga Grovagjelet

 

Skisse arbeidsvarsling Grovagjelet - Klikk for stort bilete

 

Vegen frå Gamle Sandvenvegen og ut til Gamle Dalavegen er opna for trafikk i både retningar.

Dette medfører at det er parkering forbode på denne strekninga i både retningar.

Heradet oppmodar både tilsette og besøkjande om å finna alternativ til parkering rundt Rådhuset dersom det er mogeleg.

Me takkar for forståinga!

 

Skiltplan med forklaringar - Klikk for stort bileteSkiltplan Grovagjelet - med forklaringar