FørehandsrøystingAlle røysteføre kan førehandsrøysta i Kvam frå måndag 11. august til og med fredag 5. september 2025. Dei som bur i andre kommunar, kan òg førehandsrøysta i Kvam. Dersom du har røysterett ved sametingsvalet, har du høve til å førehandsrøysta samstundes som du røystar ved stortingsvalet. Tore Fjeld Førehandsrøysting skjer i opningstida på biblioteket i Norheimsund frå 11. august 2025 til og med 5. september 2025. I tillegg er det ope for førehandsrøysting på biblioteket laurdag 16. august 2025 kl. 10.00–16.00, då biblioteket har sumarstengt.Det vert gjennomført éin dag med førehandsrøysting på Strandebarm skule (biblioteket) måndag 25. august 2025 kl. 13.00–19.00 og éin dag med førehandsrøysting i Ålvik på Ålvik skule (i skulekjøkkenet/kantina) torsdag 28. august 2025 kl. 13.00–19.00. LegitimasjonspliktDu må ha med legitimasjon når du skal røysta. Legitimasjon kan til dømes vera pass, førarkort eller bankkort med bilde. Informasjon til veljarar (tidlegare valkort)Valdirektoratet sender informasjon til alle røysteføre med folkeregistrert adresse i Noreg om at dei har røysterett og kvar dei kan røysta på valdagen. Informasjonen vert sendt ut digitalt, men røysteføre som har reservert seg mot digital kommunikasjon med det offentlege, eller som ikkje har stadfest opplysingane i kontakt- og reservasjonsregisteret dei siste 18 månadene, får informasjonen på papir.Til skilnad frå valkortet er dette eit reint informasjonsprodukt. Informasjonen som vert sendt til veljarane kjem ikkje til å innehalda strekkode som kan skannast i vallokala slik som tidlegare.Stader for førehandsrøystingBiblioteket i Norheimsund frå 11. august 2025 til og med 5. september 2025. Biblioteket i Norheimsund laurdag 16. august 2025 kl. 10.00–16.00Strandebarm skule (biblioteket) måndag 25. august 2025 kl. 13.00–19.00Ålvik skule (i skulekjøkkenet/kantina) torsdag 28. august 2025 kl. 13.00–19.00. TidlegrøystingFørehandsrøysting på institusjonar i Kvam Sist endra 14.08.2025 12:48